Нюнорск Культура
06.07.2026 Читать источник
19-летняя художница из Норвегии готовит выставку работ в амбаре перед переездом в Гётеборг
После окончания летней школы в Гётеборге 19-летняя Аннбьорг Токвам проводит каникулы в Фламе, где готовит к открытию свою первую персональную выставку графики. Девушка, вдохновленная опытом обучения, планирует переехать в Швецию для продолжения карьеры в сфере искусства.
Перевод ИИ
Текст статьи доступен на языке оригинала.
Нажмите кнопку «Перевести статью» выше, чтобы сгенерировать перевод с помощью ИИ.
Оригинальный контент
Annbjørg Tokvam er nett ferdig med folkehøgskule i Göteborg, og er heime på sommarferie. Medan faren har fyrt opp kantklipparen, sitt ho og drikk kaffi i sola.
I forbifarten
Namn: Annbjørg Tokvam
Alder: 19 år
Bustad: Göteborg
Drive med: Skal studera ved Dômen kunstkule Göteborg
– Eg skal flytta til Göteborg og byrja på ei grafikk linje på Dômen kunstskule. Etter eit år med kunst på folkehøgskule har eg mykje arbeid, så på søndag skal eg ha utstilling i låven.
Som alle låvar som ikkje er i bruk som låve, er denne også ganske rotete. Det gjenstår framleis ein del rydding og å hengja opp alt av kunst ho skal syna fram.
Fugletittar
– Det kjekkaste eg skal gjera i sommar er eigentleg å berre vera her i Flåm. Eg skal nok reisa litt til Sverige for å finna plass å bu, men planen er å berre vera her og måla bilete og sånn.
Saman med ho i Flåm er brørne, fetterane og kusinene hennar på ferie. Dei finn på mykje tull i lag.
– Kva er det kjedelegaste du skal gjera i sommar då?
– Det er nok å leita etter leilegheit i Göteborg. Det er ganske kjedeleg og motlaust. Og så er det vanskeleg når eg ikkje er svensk.
I tillegg til å driva med kunst, er Annbjørg glad i fuglar. Ein del av tida i Flåm skal også gå til å sjå på blant anna gråtrostane i hagen og svalene på låven.
– Eg har funne seks reir rett her i nærleiken. I Sverige er det ganske likt fugleliv som her, så det hadde vore gøy å reisa ein annan plass på å sjå litt meir eksotiske fuglar.
Dramatisk vald
Etter at Annbjørg har kome seg opp av senga ved halv tolvtida, er der fyrste som ventar kaffikoppen.
– Korleis vil familie og venar beskriva deg som person?
– Eg veit ikkje eg, kanskje morosam faktisk.
– Har du ein favoritt TV-serie?
– Eg og brørne mine ser veldig mykje på The Walking Dead. Det er mykje dramatisk vald som gjer det spennande.
Det store vendepunktet
Sist gong Annbjørg var ordentleg glad, var på konsert i Sverige.
– Det var med eit band som heiter Big Thief, det er litt sånn indie folk rock. Eg var der med nokre venar, og det var skikkeleg bra.
Men det store vendepunktet i livet til Annbjørg, var heile året på folkehøgskule.
– Det var det året som fekk meg til å ville halda fram med kunsten, for det var eigentleg ikkje planen. Eg hadde tenkt å studera eit eller anna, men eg innsåg at kunst er alt eg vil driva med.
Kjøt i kanelbollane?
Med teoritesten dagen etter at Sogn Avis trappa opp på tunet, er favorittappen til Annbjørg Teoritentamen.no. Om ti år har ho truleg tatt lappen og.
– Så driv eg med kunst, anten som ein jobb eller berre ein veldig fin hobby.
– Om du var journalist i Sogn Avis for ein dag, kva ville du ha skrive om då?
– Då hadde eg skrive om fuglar. Dei som er i området, det er jo ikkje alle som har det så bra.
– Kva er det dummaste spørsmålet du kan få?
– Tja, turistar spør jo mange dumme spørsmål. Eg jobba på bakeriet ei stund, og der var det veldig mange som spurde om det var kjøt i kanelbollane.
Tema i artikkelen
Følg det du er interessert i, og finn artiklane på For deg
Аналитика ИИ и парсинга
Технические детали обнаружения, сопоставления и связывания статьи
Поисковый запрос
«19-летняя художница Аннбьорг Токвам летние каникулы в Фламе и учеба в Гётеборге»
Запрос, сгенерированный ИИ для поиска статьи в веб-источниках
Связанные результаты поиска
Результаты поиска отсутствуют в БД
Парсер не сохранил результаты веб-поиска для этой статьи.